Over kjølen
Doggfall i ein dal : dikt 1966.
|
OVER KJØLEN I Eg sit innpå brune vidda ein solfylt septemberdag. Det gustar ein godbris i myrtugraset med fjellfriske andedrag. Her heiter det Skalstufjellet, men vegen ligg trygg og god. Nyst fór det ein trailer med seksten hjulpar så gòvet i lufta stod. Men den gongen mor mi traska til Duved som onnataus, var vegen ein sti over myr og moar der ulven gjekk farleg baus. Ho sat der med nistepakken og kvilde på ferda lang. Då kom det ein varg frampå brekka attmed, og tunga i kjeften hang. Det kjølte frå ulvegapet. Ho skalv og vart brydd og bleik. Så tok ho ein stein nedi bekkefaret, kasta med kraft og skreik. Den skrubbtassen fort tok flukta slik solfager sommardag. Men måneskinsmodig og vinternattsvolten han møtte med anna slag! |
|
II Det fekk òg godfar min lære, han fór over fjell med lass då Skutan og Snasa med kvitfakset frøste, og stormen var kald og kvass. Ein gong var dei sytten hestar, som sleit gjennom storm og fonn på styggtunge sledar med tørrfiskbuntar, med salt og med sild og konn. Først brøytte vel Austnes-Svarten; på trygar han gjekk så stø. Så følgde den stegtunge Steine-Brunen - og sidan så lang ein kø. Mot kvelden vart vind til kuling, og kuling til storstorm reint. Snart hesten vart liggjande fast i fonna. Å vende var òg for seint. Dei bygde ein gavl av lassa og grov seg ei grop i le. Der samla seg hestar og folk i høyet dei hadde åt hestom med. Då morgonen kom med lyset, det reiste seg mann for mann. Men to-tre av hestom var ille rivne av klo og av vargetann. Og ein av karane låg der så isende kald og kvit. Han sidrakk av spriten og sovna i snøen, og kom dermed berre dit -. «Eg låg attmed hestehalsen, vi vermde kvarandre, vi. Så hadde eg Fadervåret ved sida, og då vart vi sikkert tri.» Slik sa ein som mintest natta i stormen på Skallstufjell. - Så la dei den døde på siste lasset og nådde Skalstugan lell. |
|
skrevet av Bjarne Slapgard
|
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
|
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |